Te av svigermor sine urter

Formen her i heimen er fortsatt litt på skeiva, dermed vart det heimelesing i dag. Eller, vi brukte vel den fyste halvparten av dagen til å ligge i senga og synast synd på oss sjølve. Må til det òg inn i mellom. No, derimot, har lesehestane vore på plass ei stund og vi har tilbakelagt ein heil haug av sider.

Etter nokre dagar på Osterøy vert vi heilt vekkskjemde. Vi fekk med oss kantarellar, blåbær, saft, fisk og urter i fleng – alt er sjølvsagt heimelaga og skaffa sjølv! Skal det vere så skal det vere, liksom. Det einaste vi manglar er meir skapplass. Haha!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Tørka mjødurt, sitronmelisse, peppermynte og verbena.

Den fyste av desse urtene vi testar ut vart sitronmelisse. Eit kjapt søk på urta viser til at den kan brukast på mange ulike måtar – i dag er det hovudsakleg som smakstilsetting i mat. SNL kan fortelje meg at sitronmelisse blandt anna er godt for hjartet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Peppermynte fremst og verbena i bakgrunnen.

Mjødurta har eg allereie fortalt ein del om, men om det fortsatt trengs ei reprise så finn du den her – der finn du òg framgangsmåten ein brukar når ein skal tørke urter. Verbena er ei urt i jernurtfamilien og skal for eksempel vere godt for trøttheit (SNL). Verbena skal derfor vere perfekt å drikke før ein skal legge seg. Peppermynte skal for eksempel hjelpe under ein forkjølelse og mot massevis av andre kroppslege plager (SNL). Sprøyt og gamle myter, tenker ein kanskje, men om ein tenker seg om litt til så finn ein stoffa i ulike urter i moderne medisinar. Skilnaden er gjerne at ein finn dei i meir konsentrerte former enn det ein finn i ei tørka urt. Så, det er kanskje ikkje så dumt likevel? Uansett så er det hakket betre å drikke ein kopp med Mjødurt som inneheld C-vitamin enn å ta tilskudd. Kvifor? Mjødurt inneheld stoff kroppen treng for å ta opp C-vitamin òg! Kjempelurt!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sitronmelisse.

Attåt lesing på kveldstid er det nærast sagt obligatorisk med i alle fall ein kopp med te. Tipper det blir i alle fall tre til. Det er alt for spennande med heimelaga te! Hittil kan eg i alle fall godkjenne smaken på både mjødurt og sitronmelisse.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Te av sitronmelisse – den vart litt mørkare i fargen etter nokre minutt.

Om dokke vil lese meir om urter kan eg verkeleg anbefale denne sida.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s