Verkeleg kortreist kantarell

Vi er på Osterøy igjen og i dag har vi vore på tur og plukka med oss kantarellar! Dette har eg aldri gjort før, så vi fekk med oss svigerfar som kunne vise oss kva vi skulle sjå etter og fortelle oss det vi måtte tenke på. Det var igrunn overraskande enkelt. Kantarell er vel ein av dei soppane ein ikkje kan ta feil av. Den kan kanskje vere littegrann vanskeleg å finne, men samtidig ikkje. Fuktige stadar med ein del skygge er perfekt for kantarellen. Dersom ein finn ein kantarell så er det berre å løfte på mosen rundt denne eine kantarellen så poppar det fram fleirfoldige til. Nokre gongar kan ein strumple over haugevis av store soppar.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Med litt skygge og fuktig miljø kan ein visst finne haugevis med kantarellar.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sjå på ho du, totalt engasjert i dagens oppgåve.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Wææ, ei heil bøtte.

Etter at kantarellen er plukka kjem ein til det verkelege arbeidet: Å plukke vekk rusk og rask som befinne seg på soppen. Dette gjeld kantarellar og det meste anna ein kan plukke med seg frå naturen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Når vi renska soppen så nytta vi ein soppkniv. Denne har kniv i eine enden og kost i andre. Meget nyttig verktøy til plukking av sopp. Ein kan sjølvsagt bruke ein heilt vanleg kniv og kva som helst anna kost – den du brukar til å smøre egg på bollar eller ein rein tannkost for eksempel. Grunnen til at ein kanskje burde bruke ein type børste for å få soppen rein, er at dersom ein pirkar det av så forsvinn det òg ein del av soppen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Når du skal renske soppen så kuttar du av enden og kostar av alt rusket. Begge deler er vist i bileteform under her. Ein skal ikkje skylle soppen – for då kan den miste ein del av smaken sin.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Etter at soppen er både plukka og renska så må vi konservere den på eit vis. Så vidt eg har skjønt så er det to ulike måtar å gjere det på. Vi måtte sjølvsagt prøve begge. Måte nummer ein er å steike soppen på lav varme til den slepp veska si og deretter fryse soppen i porsjonspakkar. Dei to neste bileta viser dette.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Husk at soppen skal sleppe veldig mykje veske. Når den er ferdig har den ei litt meir fast form og er ca. halvert i størrelse.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Med oss er vi berre ein som likar sopp godt, dermed har eg valgt å fryse dei i ganske små porsjonar. Eg endte opp med å dampe vekk veska til kantarellane. Dersom du endar opp med haugevis av veske så skal dette eigentleg frysast saman med soppen.

Den andre måten å konservere soppen på er å tørke den. Dette gjer vi i steikeovn. Ovnen står på 50° og varmluft. Det skal den gjere i ganske mange timar. Vår kjem vel til å stå i 8-10 timar. Vi har delt soppen ut over eit steikebrett, jo meir ein tar på brettet, jo lenger tid tar det før soppen er ferdig tørka.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I tillegg til at ovnen står på varmluft er den litt open. Vi har plassert eit kjøkkentørkle i døra og har dermed laga 1-2 cm glipe.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Den der trenden med å fargelegge kan berre gå og legge seg. Nokre timar i natur og det å faktisk lage noko sjølv, trur eg slår alt. No er det storsesong for innhausting av alt muleg. Eg er heilt sikker på at dei aller fleste kunne funne noko dei har lyst til å nytte seg av ut over hausten og vinteren. Rips, blåbær, villbringebær, urter, rognebær, kantarell og ja, dokke skjønar teikninga. Eg har sjølvsagt lyst å gjere alt på ein gong. Som fulltidsstudent med to jobbar er dette sjølvsagt heilt umogleg. Må seie at eg luktar ein liten blåbærtur i morgon – før vi blir byfolk igjen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Nokre timar med bygdeluft og augene våre glinsar. 

Dersom dokke skal ut på sopptur eller ein anna tur sjølve, vil eg anbefale dokke å ha med nokon som har gjort det før. Sjølv om det meste er enkelt å lære seg så er det òg enkelt å trå feil. Eg vil òg anbefale dokke å sjekke opp i alle «fakta»opplysningane eg har gjeve dokke – sjølv om eg stolar på at svigers kan dette godt. Dette gjeld både høsting og konservering. Dokke kjem ikkje til å angre – lykke til!

Advertisements

One thought on “Verkeleg kortreist kantarell

  1. Tilbakeping: Heimelaga chips av søtpotet og potet | FOODSHARKIE

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s