Hudcøliaki?

Dette har eg utsatt heile sommaren. Eg skal no forsøke å få påvist at eg har glutenallergi/cøliaki. Dette medfører at eg skal ete mat med gluten i 2 månadar. Eg gruar med noko heilt banalt. Heilt frå eg var lita og byrja med vanleg mat har kroppen min vore fylt med eksem. Nokre periodar mykje og nokre periodar mindre, men eg har alltid hatt eksem. Heilt fram til eg byrja med lavkarbo i 2011. Plutseleg var eg heilt fri for den kroniske eksemen eg hadde godtatt at eg måtte leve med resten av livet. Eksem høyrast liksom ikkje så ille ut, men for alle som har det eller har hatt det, så er det alt anna enn kjekt. Det er periodar med lite søvn og ein vil aller helst gå i klede med lange armar/bein på grunn av sår på diverse stadar på kroppen. Eksemen har til tider klødd så ille at det einaste ein har lyst til er å rive av seg sjølv huda. Haha, æsj. Eg har aldri blitt testa for glutenallergi/cøliaki før – «alle har jo glutenallergi no for tida.» For fyste gong i løpet av heile mitt liv har eg fått ein lege som seier noko anna enn: «Barneeksem», «det går vekk om nokre år» og til slutt når eg ikkje var eit barn lenger: «Kronisk, atopisk eksem». Dei siste dagane har eg gått og tenkt veldig på om dette er noko eg vil dele offentleg, men eg har funne ut at eg deler dette i alle fall. Om eg vil legge ut bilde av «framstega» er eg heller usikker på. Eg veit i alle fall ein ting. Dette kjem til å gjere vondt og det skal trøstast med den verste maten ein kan ete. Halvfabrikat og ferdigprodukt. Det må kome noko positivt ut av det i alle fall. Eg starta med å ete ein pakke nudlar i kveld.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sist eg åt ein del kveitemjøl så hadde eg eksem i 5-6 månedar i etterkant. Ikkje særleg kos.

Advertisements

2 thoughts on “Hudcøliaki?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s