Velkommen til det roseraude studentlivet

Dagen min har vore stappfull av gjeremål. Eg har jobba som vakt på Studentsenteret og dermed prata med tonnevis av folk. «Kom til Kvarteret!». Etterpå stod eg scenevakt for opningsseremonien til UiB. Herregud, eg har stått scenevakt med statsministeren på scena. Bucketlist: Check. Statsministeren, ordføraren i Bergen, rektoren på UiB og Aurora. Ein skal oppleve mykje før ein døyr eller noko sånnt. Då jobben var gjort skulle eg berre på Kvarteret for å få meg litt middag. Det viste seg at det var ein glitch i skiftlista og ein bar var ubemanna i nokre timar. Då steppa sjølvsagt eg inn (saman med ein til) – kva betre har eg å gjere på, liksom. Studentane ankom og panikken slo inn for fullt. Det er min tur i morgon!

I nesten eit år har det vore slik at studetida kjem til hausten. Då eg stod i bar hadde eit fakultet bar-til-bar på Kvarteret og det slo meg plutseleg at i morgon er dagen. Eg skal faktisk møte dei eg skal gå i klasse med i morgon. Når skjedde dette? Kvar vart året av, seier eg berre. Eg kjenner at alle nerver som kunne vore takla gradvis slår inn over meg samtidig i staden. Korleis skal dette gå?! Panikk. Eg har trossalt vore vekkskjemd med normal lønn og ein levestil som tilsei at eg faktisk kan kjøpe ting eg har lyst på. Nytt kamera? Tjah, eg får jo ny lønn om ein månad uansett. No er det berre å gløyme. For meg er dette ein heilt anna livsstil. Eg har vore student ein gong før, men om ein skal sjå realistisk på det så er dette fyste gongen eg er skikkeleg student. Forrige studie tok eg så-som-så seriøst. Dette må eg få til. Panikk.

No har eg lagt meg godt under dyna. Planen er å lese siste nytt av kjendisskandaler og tenke noko sånnt som at «jaja, det går sannsynlegvis ikkje ille med meg.»

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s