Det er fredag og helgemat. Eg har absolutt ingenting å utsette på dagens rett. Heilt fab, vegansk helgemat i mine auger. Will do again.
- Tahini er igrunn berre steikte sesamfrø, olje og vatn blanda i hop i miksmaster. Smakar overraskande mykje.
- Hummus. Kikerter, tahini, sitron, kvitløk og salt. Fy flate så godt! Kunne godt halvert mengda eg lagde. Vart alt for mykje.
Oppskrifta eg nytta til tahini henta eg her.
– 1 dl sesamfrø
– 2-3 ss sesamolje (eg nytta rapsolje i staden)
– 1/2 ts salt
– 1-2 ss varmt vatn
Får vel finne eit eller anna fancy program eg kan skrive oppskriftene i. Nokon som har tips? Får sende ein mail til fotballfrue, lissom.
Oppskrifta eg nytta til hummus henta eg her.
– 400g kikerter
– safta frå ein halv sitron
– 4 båtar kvitløk
– 1 ts salt
– 1 ss tahini
– ca. 1 dl olje
– ca. 1 dl vatn
Dersom ein ser på oppskrifta på Matprat skjønar eg plutseleg kvifor det vart så sinnsvakt mykje hummus. Herregud, eg har jo laga til 10 personar. Haha, jaja! Som regel når eg hentar oppskrift frå andre stadar vert det nokre skilnadar. Eg har for eksempel nytta vatn i min hummus. Dersom ikkje hadde den nok blitt litt for tørr. Dessutan nytta eg litt mindre olje enn det eg har skrive og bytta dette ut med vatn. Ein kan sikkert òg heilt fint lage hummus utan tahini sidan det er ein såpass liten ingrediens.
- Søtpoteter, kokosolje og salt. Steik dette i ovnen på 200 grader i ca. 20 minutt og vanleg pommes frites kan gå å ta seg ein bolle.
- Gulrøtter, mandelmjøl, olje og vatn.
- Tenkte at dette aldri i verda kom til å bli ei deig, men overraskingar skjer visst kvar einaste dag.
- Gulrøtter og mandelmjøl vert visst ei fantastisk deig og fantastiske veganske «kjøtt»kaker. Mmm.
Snikskryt: Denne oppskrifta fant eg på i eit møte tidlegare på dagen.
Konsentrasjon = null.
– 6 dl reven gulrot
– 3 dl mandelmjøl
– 1 dl olje (eg brukte raps)
– ca. 1 dl vatn (berre å fylle i til det vert ei deig)
Forma dei til bollar og heiv dei på steikepanna. Vart sjukt med søl. He-he, neida. Steikte dei til dei var litt brune på begge sider. Neste gong vil eg nok steike dei over lenger til og på lavare varme enn eg hadde i dag (6 av 9).
- Det grøne sølet i bakkant er restar frå woken. Hermetikk må nyttast det òg. Elles er det hummus, steikte søtpoteter, rå neper og «kjøtt»kaker. Herregud, så mettande.
Det verste med matblogg er å sjå på bileta og skrive om den rett etter du har ete deg stappmett. Vert liksom ekstra mett av heile greia. Neste gong kan eg nok nesten halvere porsjonen til meg sjølv. Kjenner verkeleg godt at det er olje på alt utanom nepene og tomatane. Er olje meir mettande enn smør? Eg kreperar nesten i alle fall.
For ein porsjon er prisen på denne maten ca. 50 kr. Sidan det er veldig mange småting i denne retten som eg ikkje har kvittering på så anar eg ikkje nøyaktig, men har rekna litt på det og det verkar til at 50 kroner er litt over nøyaktig pris. Absolutt ein studentvennleg vegansk middag!
Tilbakeping: “Kjøtt”kaker vol 2.0 og chunky tomatsaus | foodsharkie