Eg føler bildet seier sitt igrunn. Vi har køyrt i tre dagar i strekk og tilbakelagt 282 (!!) mil. Sjølv om vi har tilbrakt mesteparten av tida inne i bilen har vi likevel fått sett så sinnsvakt mykje. Eg har blant anna sett enorme borger og kirker, nydelege landsbyar og eg har gått på Alpane! Det har verkeleg vore ein opplevelsesrik tur. For meg som ikkje har reist noko særleg i det heile har det vore fullt av inntrykk. Å prøve å finne vegen i Frankrike uten å kunne fransk, å køyre i Italia uten å bli krasja i, å overleve ein temperatur på nesten 40 grader, å bruke dei få frasene eg huskar frå tysktimane på vidaregåande (øøhh, kann ich æææ die toalett uuuhm benutzen?) og å køyre 1000km på ein dag er berre nokre få av dei «små» tinga eg kan nevne. Besøke Nice, Monaco, middeladerbyar, ei kirke bygd i år 400 (visste ikkje sånnt fanst ein gong) og eg kan fortsette i evigheiter.
På turen overnatta på eit tysk hotell nært Göttingen i Tyskland. Det var sjølvsagt bygd i middelalderstil (kalla bindingsverk for spesielt interesserte – ikkje meg, hehe).

Slik såg hotellet ut. Kunne vel ikkje blitt særleg betre. Eit bygg i gammal tysk stil i ein gammal tysk landsby.
Det einaste negative her var den korte tida vi hadde til å nyte landsbyen – dessutan var det søndag og det meste var stengt. Vi hadde trossalt 1000km i bil framfor oss.