Dagane går i ett her. Forsåvidt eit bra teikn, men no er vi langt over halvvegs i turen. Frankrike er fantastisk på alle måtar. Det vil seie, dersom du ser vekk i frå at absolutt ingen kan engelsk. I går hadde vi ei lang utflukt i Nice. Gløymde faktisk å ta bilder der. I alle fall, i Nice har dei havet midt i byen. Det var ei heilt spesiell oppleving å kunne hoppe i Middelhavet for så å ete salat på ein restaurant. Heilt rått og eg anbefaler det til absolutt alle.
I dag har vi vore i Monaco (!!!). Når opplevingane har kome skikkelig inn får eg skrive litt om det óg, men kjenner at tomorrow that’ll be the day 🙂