Superlanghelg

Sidan det no er superlanghelg og unnskyldningane for å kose seg med søtsaker står i kø, foreslår eg å bytte ut fredagssmågodtet med frukt, nøtter, smoothies eller andre sunne (og gode!!) erstatningar. Kroppen min set i alle fall mykje meir pris på 20 bitar jordbær enn 20 bitar smågodt. Altså, no må dokke ikkje misforstå – eg et usunne ting òg. Sjølv om eg sit meir med handa i chipsposen enn utanfor på laurdagar, betyr ikkje dette at eg må gjere det på fredagar òg (dei to konfirmasjonane eg var i forrige helg hjalp forsåvidt ikkje på heller). Ein treng verkeleg ikkje godteri for at det skal vere helg. Eg tenker å spare alle usunnheter til 17. mai denne langhelga, så kan eg i alle fall skeie godt ut med god samvittigheit då.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg såg ein dokumentar for ikkje så lenge sidan der ein av forskarane sa: “I dag kan du ete så mykje is, kjeks og godteri du berre vil – men, du må lage det sjølv.” Han konkluderte med at alle ville endt opp med å ete/drikke mykje mindre sukkerhaldige varer enn det vi gjer i dag. Etter eg laga is sjølv har eg nesten slutta å ete is i det heile, og eg var tidenes ismoms. Sjølvsagt visste eg at is ikkje var sunt, men eg fekk likevel sjokk over innhaldet når eg sto å blanda det saman sjølv.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Målet med denne forferdelege bølga av skyldfølelse er ikkje å ta fra nokon fredagskosen. Det einaste eg vil er å motivere til sunnare val i kvardagen ♥

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Havregrynsgraut med heimelaga peanøttsmør

I går vart forelesinga avlyst og dermed hadde eg all verdas tid til frokost. Typen foreslo havregrynsgraut. Njæææ, sa eg då, men det skulle vise seg å vere den beste frokosten eg har ete på fleire veker. Eg har verkeleg ete mine skåler med havregrynsgraut i mitt liv, men eg har nok ikkje smakt på det sida eg budde heime med ho mor. På tide, med andre ord!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift på havregrynsgraut (gjev cirka 3 porsjonar):
♥ 3 dl havregryn
♥ 9-10 dl væske

Vi brukte ein liter soyamelk, men her kan ein velge kva forhald ein vil ha sjølv. Nokre brukar 50/50 vatn og melk og andre har meir vatn enn melk i.

Framgangsmåte:
1. Ha i ingrediensane (tilsett 2/3 av væska, deretter litt og litt til grauten er ferdig)
2. Kok opp
3. La grauten putre på låg varme i 10-15 minutt (rør ofte!)
4. Ferdig!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift på peanøttsmør:
♥ 300 g usalta peanøtter – mine var rå òg
♥ 6 ss rapsolje (helst peanøttolje)
♥ 3 ts lønnesirup

Sidan eg har vore på ein etnisk butikk og handla peanøtter viste det seg at desse hadde skal på seg og var rå. Derfor la eg peanøttene i vatn og renska av dei skalet for hand. Etterkvart som skalet løsna flaut det opp og gjorde det heile til ein enkel prosess. Ein kan visst ha peanøttene i ein behaldar og riste godt, så skal skalet løsne av seg sjølv – det fekk eg ikkje til. Etterkvart som peanøttene var reinska la eg dei over på ein kjøkkenduk sånn at vatnet fekk renne av dei.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Framgangsmåte på peanøttsmøret:
1. Ha peanøttene i ein foodprosessor og køyr til dei har blitt finhakka
2. Tilsett olje, søtning og evt. salt (eller det du måtte ønske)
3. Køyr blandinga til du har ei jamn masse
4. Ferdig!

Som dokke ser på bileta vart ikkje mitt peanøttsmør sånn som det i butikken, men fyyy så godt det smakte! Det vart havregrynsgraut med dette peanøttsmøret både til frokost i går og i dag. Mistenker at det blir det same i nokre dagar framover, for å sei det sånn.

For ordens skyld så kan eg fortelje at dette peanøttsmøret ikkje er det beste til å ha på brødskiva, med tanke på konsistens. Eg skal ikkje seie kor mange knekkebrød eg åt med dette peanøttsmøret som pålegg, men konsistensen var ikkje heilt på topp, altså. Smaken derimot, haha😀 Eg må nok forsøke å ovnssteike dei litt før eg har dei i foodprosessoren. Om nokon av dokke har erfaringar med rå peanøtter så er eg veldig mottageleg for råd!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Om du føler for eit lite søtmomsmåltid så kan eg avsløre at eg hadde på enda meir lønnesirup i tillegg til det som var i peanøttsmøret. Havregrynsgraut og lønnesirup. Dokke, det var faktisk heilt fantastisk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sjølvlaga hudkrem av brennesle

Okei, det vert kanskje litt vel mykje innlegg om brennesle akkurat no. Slik trur eg det berre må bli sidan det er no den er i sesong. Etter å ha laga suppe og te av brennesle, laga vi krem av det òg! Litt kokko kan du vel tenke, men eg har testa den i ei veke no, og den er heilt fantastisk!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg har aldri hatt problem med kviser tidlegare (heldiggrisen babe), men i fjor i ein alder av 22 – då skulle huda mi kome i puberteten. Det har ikkje vore særskild behageleg og det har verkeleg vore av den vonde typen. Jada, ueeehsj. I mars byrja eg å bruke olivenolje som sminkefjernar, då roa huda mi seg ein del. Eg har smurt denne kremen i ansiktet etter eg har fjerna sminka mi for kvelden, og huda mi har roa seg berre på ei veke.

Sidan den er heimelaga er det ingen konserveringsstoff i den og den har faktisk ikkje meir enn tre (!) ingrediensar. Eg kan love deg at du ikkje får kjøpt kremar med berre tre ingrediensar nokon stad.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ingrediensane er:
♥ 4-5 dl olivenolje
♥ Ca. 10 x 10 cm bivoks
♥ 1 liter brennesleblad

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Framgangsmåte:
1. Kutt brenneslene opp i mindre bitar
2. Legg dei oppkutta bitane i 4-5 dl olivenolje
3. Kok opp
4. Skru ned temperaturen igjen og la det putre i 4 timar på låg varme
5. Sil av til du står igjen med berre olivenolja (og alle virkestoffa frå brennesla, då)
6. Ha i bivoks og bland saman
7. For å sjekke om du har hatt i nok bivoks kan du helle nokre dråpar av blandinga på eit lite fat. Stivnar det slik som du vil ha det så er blandinga passeleg
8. Hell over i passeleg store behaldarar
9. Avkjøl til det har stivna
10. Oppbevar i kjøleskap

Sidan denne kremen ikkje har konserveringsmiddel så bør ein oppbevare den i kjøleskap. Dersom du lagar veldig mykje og ikkje finn noken å gje vekk til så kan den òg frysast. Woho! Kjempelurt. På grunn av ingrediensane er haldbarheita likevel sjukt lang. Om du oppbevarar den fint vil eg nok tru at den varer i eit år. Du kjem nok til å bruke den opp før den tid😀

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde av all bivoksen vi hadde i blandinga.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Heyhey, billegare og betre vert det vel kanskje ikkje!

Te av brennesle

Då eg var ute og plukka brennesle så endte eg opp med alt for, alt for mykje. Dermed endte eg óg opp med å lage haugevis av te. For som med så mykje anna ein finn rett utanfor døra si, er brennesle ypperleg som te. Eg synast i alle fall det er ein veldig god grønn te.

Eg byrja med å skylle av brennesla, men det hadde eg nok ikkje trengd. Som regel treng ein ikkje å skylle urter før ein tørkar dei, men eg vil anbefale det om du for eksempel plukka dei langs ein trafikkert veg. Deretter tørka eg brennesla i ovnen på 40-50 grader til den var knusktørr. Sida eg fyst hadde blautgjort alt (…) tok dette om lag 12 tima. Urter skal vanlegvis ikkje tørkast på meir enn 50 grader, så tid tar det uansett. 

Då eg skulle heim igjen til Bergen stoppa eg på Elkjøp og kjøpte meg ein dehydrator! Sjukt deilig å ikkje bruke ovnen til å tørke brennesla (og urter generelt), men kor mykje eg faktisk treng den får vi no sjå på! Haha :D 


Spring ut og plukk både ramsløk og brennesle – den der skvallerkålen kan du hoppe over… Æsj. 

Brenneslesuppe – verkeleg frå grunnen av

No er tida for å plukke brennesle. I alle fall i Bergensområdet. Det er dei unge plantane som både smakar best og som inneheld flest næringsstoff. Sidan brennesle er i sesong frå mai til september, er mai den beste månaden i få det i hus. Det kjem sjølvsagt an på kva klima du har hatt heime hos deg dei siste månadane, men her i området er det berre å hive seg rundt!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift på brenneslesuppe (til ca. 4 personar):
♥ 1,5-2 liter brennesleblad
♥ 1,5-2 liter væske
♥ Smør
♥ Ramsløk
♥ Kvitløk
♥ Muskat
♥ Løpstikke
♥ Buljong
♥ Salt & pepper

Ramsløk kan byttast ut med gul løk eller meir kvitløk. Muskat og løpstikke er ikkje nødvendig, men gjer utruleg godt for smaken. Løpstikke har eg ikkje tilgang på heime, så då må eg nok finne andre smakstilsettingar eg kan nytte meg av. Løpstikke er lik selleri i smak og kan fint erstattast av dette.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Her henta vi sjølvsagt løpstikke i hagen.

For å vere heilt ærleg så var det svigermor som laga suppa. Eg berre plukka brenneslene og var ivrig tilskuar. Eg forsøker å gjengi prosessen så godt som mogleg:

1. Skyll brennesleplantar og plukk blad frå stengelen til du har ønska mengd. Blada må trykkast litt ned i litermålet for å få ei realistisk måling, men det skal ikkje vere ei solid blokk i litermålet heller.
2. Ho byrja med å lage ei grønnsakskraft av 1 liter vatn, ein buljongterning, eit fedd kvitløk og løpstikke. Dette fekk stå å trekke i ca. 15 minutt. Samtidig vart mellom 1,5 og 2 liter brennesleblad og nokre blad ramsløk steikt på låg varme i smør i ei anna gryte.
3. Etter ein er fornøgd med smaken på grønsakskfrafta si, heller ein denne over i gryta med smørsteikte brennesleblad. Dette gjorde ho gjennom ei sil slik at det berre var sjølve grønsakskrafta som fulgte med. Her vart nokre klyper med muskat tilsatt. Dette fekk trekke i 5-10 minutt før vi helte over ein halv liter med fløte. Om dette kanskje vert litt i heftigaste laget kan ein fint berre nytte vatn eller melk. Vi skulle trossalt ete ein søndagsmiddag!😀
4. Når suppa no har varma seg opp igjen kan ein anten la det stå i nokre minutt eller berre nytte stavmiksaren med ein gong. Vi valgte sistnemnde.
5. Heilt til sist vart det tilsatt litt jamning i form av maizena og litt salt og pepper.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det er ikkje skummelt å plukke brennesle dersom ein veit kva ein gjer. Det enklaste er å ta på seg hagehanskar og klippe stengelen med saks. På denne måten slepp ein å rive og slite og rota får vere i fred til neste år. For dei som er bekymra for å brenne seg så avtar denne eigenskapen etter den har vorte plukka. Den sluttar å brenne 12 timar etter den har blitt plukka. Dessutan sluttar den å brenne dersom den er tørka, kokt eller steikt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Tørking av planten kan skje ved temperatur opp til 60 grader. Tørka brennesle oppbevarast i mørke og lufttette glas (evt. i skygge).

Nesleblad kan forvellast, sauterast, frysast friske og tørkast.

Som vist kan ein lage suppe av brennesle, dette kan ein gjere på ei mengd ulike måtar, dette er berre eit (nydeleg godt) eksempel. Ellers kan brennesla brukast til fyll i pai, i steikt form, som te, som smakstilsetning og næringstilsetning i bakevarer, i grønnsaksbollar, eller berre som tilbehør til middagen som ein heilt vanleg anna grønsak. Den kan brukast på same måte som ein ville brukt spinat, med unntak av i rå form då, sjølvsagt😀

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Nesler er rike på protein. Dei har mykje A- og C-vitamin, men òg B2 og K1. Den inneheld kalsium, kalium, kisel11, jern og fosfor. Visstnok skal den innehalde dobbelt så mykje næringsstoff som gulrot!  Tidleg i sesongen når planten er maks 15 cm høg inneheld den tre gongar meir protein enn kål. Det er nettopp då den er på sitt beste med tanke på innhold av næringsstoff og smak. Den til og med ha nesten like høgt innhald av antioksidantar som blåbær [1].

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Historisk sett har brennesle vore særs viktig i medisin. Den har eit vannvittig bruksområde. Om absolutt alt kan kjeldehenvisast er eg usikker på, men eg har ei bok ved mi side som seier at nesla til dømes har desse bruksområda:

  • Bra for fordøyinga. Den inneheld histamin og sekretin. Stoff som vert nytta i fordøyinga vår til alle tider.
  • Fleire forsøk på pasientar har vist at brennesle senkar blodsukkernivået og dermed kan nyttast som tilskot ved høge blodsukkerverdiar. Ved diabetes må ein sjølvsagt nytte nødvendig mende insulin, men kanskje brennesle kan vere med på å regulere blodsukkeret som eit tilskot?
  • Den har ei lindrande effekt og kan dermed anbefalast som føde eller i krem/salve-form til mennesker med ulike hudlidingar. Eksempel er eksem, utslett og kviser.
  • Den skal vere blodrensande, urindrivande og alkaliserande. Anbefalast ved revmatiske sjukdomar (t.d. gikt og artritt). Ved nyreplager (t.d. nyrestein og nyregrus). Brukast ved anemi eller blodtap pga. jernmengda. Jern og klorofyll gjer at den stimulerar produksjonen av raude blodceller, den er derfor bra ved t.d. underernæring og utmatting.

Svigermor kan fortelje at brennesla har vore vanleg å bruke som ein slags styrkedrikk. Den skal dermed vere perfekt å drikke dersom ein er forkjøla eller svekka på andre måtar. Som ein kome-til-hektene-igjen-drikk, rett og slett!
Det aller morosamast er kanskje at dersom du brenner deg på denne nesla så kan ei bruke nettopp brenneslesaft på området som er råka.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Suppa var heilt sinnsjukt god. Eg hadde verkeleg gleda meg til å smake, men at det skulle vere så godt som det var – dèt var eg heller skeptisk til.

 

Sjølvplukka mat frå naturen

Fredag gjekk vekk i skulearbeid og trening. Laurdag forsøkte eg å finne ei betre glutenfri og vegansk dumplingdeig – utan hell. Den endte opp med å vere veldig god på smak etter at den var steikt, men den var vanskelegare å jobbe med enn den forrige eg laga. Ein heil innedag gjer meg ganske så rastlaus. Dermed måtte vi ta oss ein tur til Osterøy i dag. Sidan det er vår og alt er i gang med å spire og gro er det òg ein heil masse ein kan plukke frå naturen. Vi har brukt søndagen på å plukke brennesle, skvallerkål, vårløk, løvetannblad og løvetannknoppar. Eg vert så oppslukt i arbeidet at eg gløymer å stoppe, dermed har vi no enorme mengder med brennesle, skvallerkål og ramsløk.

Til middag måtte det sjølvsagt bli brenneslesuppe med ramsløk! Framgangsmåte og oppskrift kjem i morgon😀

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Frå venstre: Brennesle, ramsløk og skvallerkål.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Friske løvetannblad, løvetannknoppar og skvallerkål.

Tropisk start på dagen

Eg hadde tidenes start på dagen med ein smoothie av kokosmelk, mango, banan og frosne jordbær. Sidan eg ikkje alltid er heilt klar for eit stort måltid om morningen så vert det ofte ein smoothie for min del. Om ein tilset fett i smoothien vert det heile eit fullverdig måltid. 

No har eg vore i forelesing og lært at den beste måten for å unngå smitte er å unngå andre folk sine kroppsvæsker. Og eg skal på treningssenter no – hei, paranoia.

Har dokke sett noko så freeesht? Dette vert definitivt frokost dei neste dagane óg. Det er mogleg eg ikkje klarer å vente lenger enn til etter trening 

Bakt fennikel og suppe av brokkoli og grønnkål

Her ein dag fann eg fennikel på butikken. Sidan eg ikkje ante kva det var så vart sjølvsagt denne med heim. Google gav meg denne oppskrifta på MatPrat og eg måtte jo berre prøve. Korleis ein tilbreder grønnsakene i måltidet er nesten skrive med lita skrift, men men!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg skar to stykk fennikel i fire og smurte den ildfaste forma med olivenolje. Deretter draup eg over olivenolje og strødde over salt og pepper. Til slutt heiv eg over to fedd kvitløk (hakka). Dei vart steikt på 225°C i 25-30 minutt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift til suppa:
♥ 1 1/2 brokkoli (inkludert stilk og friske blad)
♥ 4 heile blad grønnkål
♥ 1-2 dl fløte
♥ 2 ss smør (raps og kokos)
♥ salt og pepper

Som vanleg dampa eg brokkolien og heiv alle ingrediensane i ein blender. Etter at alt hadde blitt ei tjukk masse, varma eg alt opp igjen og lot det putre i 10 min. Det er alltid sånn at jo lenger ei suppe får putre, jo betre vert den, men vi var alt for svoltne til det.

Vi hadde òg i eit fedd kvitløk, men det vil eg eigentleg anbefale deg å droppe. Det vart ein alt for sterk kvitløkssmak for min del i alle fall. Eg skjønar ikkje heilt kvifor, med tanke på at det berre var eit fedd i så mykje suppe. Jaja, vi droppar det i alle fall neste gong.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sidan det er sal på både blomkål og brokkoli på ein heil masse butikkar, har eg handla inn sjukt mykje av begge. 10 kr per blomkål og brokkoli gjev ein pris på ca. 30 kroner for to til tre middagar for ein (dersom ein reknar med krydder, smør og fløte).

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Smaken av fennikel er litt lakrisaktig. Smakar det litt som anis? Eg veit ikkje, noko i den duren trur eg. Uansett, eg synast det smakte fantastisk. Neste gong har eg lyst til å steike dei saman med løk òg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

♥ Fennikel inneheld vitamin C, kalium og kostfiber.

♥ Brokkoli inneheld vitamin C, kalium, kostfiber. Den er òg rik på betakaroten.

♥ Grønnkål inneheld vitamin C, kalium, jern, kostfiber. Grønnkål er særleg rik på A-vitamin og betakaroten.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Denne maten var akkurat det eg trengte etter årets fyste reine styrketrening. Herlighet kor støl eg er i dag. Det er likevel ikkje så ille som eg trudde det skulle bli. Eg er rimeleg fornøgd med at det går heilt fint å gå i trapper. Haha! No er det tilbake til pugging av sjukdomslære. Eg kan nesten ikkje vente til eg skal på fotballtrening, og kjenner at denne dagen skal avsluttast med tidenes heftigaste smoothie.

Ha ein nydeleg dag! ♥

Tropisk frokost

Dette er kanskje frokosten for dei med litt betre tid om morgonen. Frokost, kvelds, lunsj, desse tropiske fruktene kan nyttast i dei fleste måltid. Banan er kanskje litt kjedeleg og kvardagsleg då, men alle burde unne seg ein frokost som dette ein gong i blant. Den er i alle fall perfekt som søndagsfrokost. Brødskiva taper for sånne delikatesser som dette anyday.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg er så forelska i pasjonsfrukt som ein kan bli trur eg. Favorittdrinken min inneheld pasjonsfrukt, men eg har liksom aldri ete den aleine. Eg kan verkeleg tenke meg at den passar perfekt til søte dessertar. Smakseksplosjon, altså. Om dokke spring til butikken av desse bileta vil eg fortelje at pasjonsfrukt er moden når skalet er skrukkete. Ananas er moden når skalet luktar søt ananas og banan er best når dei er heilt gule😀 Det er ikkje alltid lurt å handle dei friskaste fruktene – desse er gjerne ikkje modne. Og eit miljøtips; når du står og ser på banane, velg dei single. Det er størst sjanse for at desse går i bosset. Ikkje fordi dei er dårlege, men fordi ingen kjøper single bananer. Utanom meg då, haha! Eg fekk med meg heile sju single bananer i går. Så, i dag vert det banan til alle måltid😀

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

♥ Pasjonsfrukt inneheld jern, kalium, E- og C-vitamin.

♥ Ananas inneheld kalium, betakaroten og C-vitamin.

♥ Banan inneheld vitamina A og C. Elles har den kostfiber i seg, høgt innhald av kalium og er dessutan rik på betakaroten.

Kva skal ein vel med multivitamintablettar?

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

No skal eg hive meg på forelesing og endeleg dra meg inn på det der SiB-gymmet etterpå. Eg har ikkje vore på tunge styrketreningar på eit halvt år – eg kjem til å bli så støl at dokke anar det ikkje.

Dumplings

Her ein dag fekk eg så utruleg lyst på dei her nydelege pastaputene med fyll i. Dessverre så kom eg på at eg verken et kveitemjøl eller dyreprodukt. Dermed vart det streka frå lista med ein gong. Plutseleg kom eg på at eg hadde kjøpt rismjøl og endte med å søke rundt på internett, igjen. Det viser seg at ein kan lage dumplings av rismjøl og fylle dei med akkurat det ein vil sjølv! Kor mange ropeteikn er det lov å ha i ein bloggpost? Det passar med 10-20 stykker her. Det var sjølvsagt ikkje anna å gjere enn å forsøke seg på dumplings.

Sidan eg i utgangspunktet ikkje visste at dette var ein matrett som eksisterte, så måtte eg ty til YouTube. Ein kan verkeleg lære alt på YouTube. Eg har blant anna lært å strikke sokka der… Haha! Her er filmen eg såg på før eg byrja på deiga.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift på mi deig (ca. 16 dumplings):
♥ 1,5 dl rismjøl
♥ Ca. 1 dl maizena
♥ 2 ts JBKM
♥ 1,5 dl vatn

Eg trur eg las to ulike glutenfrie oppskrifter før eg starta med deiga mi. Felles for desse var rismjøl, vatn og noko til å binde deiga. Begge hadde brukt tapiokamjøl, men sidan eg sjølvsagt laga dette på impuls på ein søndag, såå hadde eg ikkje den type mjøl heime. Dermed måtte eg forsøke å lage ei oppskrift sjølv. Det skal påpeikast at sjølvtilliten undervegs i dette forsøket ikkje var særleg høg. Eg hadde då aldri trudd at det skulle henge i hop.

Det einaste negative eg kan seie om denne oppskrifta på dumplingdeig er at den er litt lite elastisk. Noko som fører til at deiga vert litt tjukk og pittelitt vanskeleg å jobbe med. Det førte ikkje til store problem, men det må nesten nemnast. Neste gong skal eg planlegge det heile og forsøke meg på ei deig med tapiokamjøl og rismjøl. Tenker det vert hakket betre.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Framgangsmåte:
→ Bland alle dei tørre ingrediensane i ein bolle
→ Tilset vatn
→ Kna deiga i minimum 5 minutt
→ Dekk over deiga så godt som mogleg og la den kvile i 2 timar
→ Del deiga i fire bitar – Dekk til tre av dei igjen
→ Rull deigbiten til ei pølse
→ Skjær ein og ein bit av “pølsa” og kjevl dei til tynne lappar
→ Ha på ønska fyll og brett saman av beste evne
→ Viktig: Press sømmane godt saman slik at dei ikkje sprekk
→ Ha dei ferdige dumplingsane i kokande vatn til dei flyt
→ Ha ferdige dumplings i ein bolle

Tips:
• Det er lurt å koke få dumplings om gongen – vert det for mange klistrar dei seg saman og vert vanskeleg å få frå kvarandre igjen utan å øydelegge dei.
• Når dumplings vert flytta frå kokande vatn til bolle er det lurt å nytte eit redskap som gjer at vatnet får rent av.
• Årsaka til at deiga må dekkast til er at den tørkar ut om du ikkje gjer det – noko som igjen fører til at det vert særs vanskeleg å jobbe med deiga.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som fyll nytta eg ein heimelaga pesto av spinat, cashew og ulike krydder. Dette blanda eg med små bitar av den veganske osten på bilete under. I nokre dumplings hadde eg faktisk berre soltørka tomat blanda med denne osten. Begge deler vart supergodt og eg kjem definitivt til å lage dette igjen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som ein kan sjå så vart det ikkje dei finaste dumplingsa, men eg er fornøgd likevel. Hallo! Det var berre sånn 2 av 16 stykker som datt i frå kvarandre og 2 som klistra seg til kvarandre. Det kallar eg suksess – i alle fall med tanke på at det var fyste forsøk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dumplings kan etast aleine, med dip/saus og i sausar, gryter og supper. Dei kan steikast, dampast og kokast. Dei kan fyllast med akkurat det ein vil ha i sjølv. Dette vert eit av punkta på årets bucketlist. Ja, min type bucketlist er kanskje litt kjedeleg, men men. Lære å lage fine dumplings skal med likevel.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Åå, så fine ♥